Lesevis START
kr 169
Ved undervisning i læringsstrategiar og leseforståing er det viktig at elevane får møte fagtekstar allereie frå første klassesteg. I Lesevis START møter elevane ulike tekstar, og det er lagt vekt på tre ulike siktemål med lesinga: å oppleve, å lese enkle fagtekstar eller å lese for å følgje ein instruksjon. Lesevis START begynner med korte tekstar og høg grad av ordrepetisjon. Utover i boka blir tekstane lengre og stiller større krav til ord- og innhaldsforståing. Heile vegen blir det lagt vekt på at læraren styrer aktivitetane.
Lesevis START er ei eingongsbok der elevane i tillegg til enkle skriveoppgåver også får lære å teikne stiliserte dyrefigurar, noko som er nyttig både for finmotorikken og for motivasjonen! Ved hjelp av ein QR-kode i boka kan elevane følgje teikneinstruksjonen i ein filmsnutt.

Produktdetaljer
- Utgivelsesår: 16.04.2018
- ISBN: 9788249219339
- Trinn: 1
- Innbinding: Heftet
- Sider: 40
- Målform: Nynorsk