Spire 3 • Fylker i Norge • Viken
Kva by er dette?


Ein vårdag i 1623 då gjeterbarna Helga og Jakob var ute ned dyra, oppdaga dei stein som skinna i fjellet. Barna tok steinen med heim. Foreldra skjønte at det ikkje var stein, men sølv. Dei støypte knappar av sølvet og freista å selje dei. Politiet trudde fedrane hadde stole sølvet, og dermed vart dei arresterte. Då måtte fedrane vise kvar i fjellet sølvet var funne. Dette vart starten på sølvgruvene i Kongsberg.

Foto: Sergey Kamshylin / Shutterstock.com
I meir enn 300 år jobba det folk langt inni fjellet for å hente ut sølv frå gruvene. Det var ein slitsam og ganske farleg jobb.

Foto: Sergey Kamshylin / Shutterstock.com
I dag kan alle som besøkjer Kongsberg ta gruvetoget innover og nedover i fjellet. Her kan du vandre i gruvegangane. Kanskje finn du òg ein klump med sølv?
Bli med! Ta gruvetoget!
Kva by er dette?
Svar: Kongsberg

Oppgåver:
-
I kva fylke ligg Kongsberg?
-
Kven fann sølv i fjellet?
-
Kva vart sølvet brukt til, trur du?
-
Korleis trur du det var å jobbe i gruvene?
-
Søk på internett. Kva for museum finst det der du bur?