Spire 3 • Fylker i Norge • Vestland
Kva by er dette?


Dette er den nest største byen i Noreg.
Bryggen er ein kjend stad i denne byen.
Her har folk drive med handel heilt sidan 1100-talet.

Foto: Bjoern Wylezich / Shutterstock.com
Det regnar mykje i denne byen ...
Her plaskar regnet ned meir enn 200 dagar i året.

Foto: Wirestock Creators / Shutterstock.com
Byen ligg mellom sju fjell. Mange turistar besøkjer byen kvart år. Det er veldig populært å reise med Fløibanen til toppen av Fløyen, som er eitt av dei sju byfjella.
Frå toppen av Fløyen er det ei fantastisk utsikt over byen.
Bli med ein tur med Fløibanen!
Kva by er dette?
Svar: Bergen

Oppgåver:
-
I kva by ligg Fløibanen?
-
I kva fylke ligg Bergen?
-
Kvifor reiser så mange med Fløibanen kvart år, trur du?
-
Finn bilete av minst tre vanlege transportmiddel i fylket ditt.
-
Teikn deg sjølv inni eit transportmiddel du pleier å bruke.