Spire 3 • Fylker i Norge • Vestfold og Telemark
Kva by er dette?


Foto: giedre vaitekune / Shutterstock.com
Tenk deg at du er på ferie og held til ein heil dag her i vassparken Sommarland. Her er det mange ulike vannsklier og du vil prøve alle.
Tør du ta Magasuget?

Foto: giedre vaitekune / Shutterstock.com
Du er skikkeleg tøff om du tør å prøve Magasuget! På toppen, 16 meter over bakken, kan du sjå utover alle skliene og bassenga i vassparken. Kan du tenke deg kvifor sklia heiter Magasuget?

Like utanfor denne byen ligg Gygrestolen. Turen opp hit er bratt. Fjellblokkene som kallast Gygrestolen er så rare at folk har laga forteljingar om dei. Segna seier at det var her Gygra (søstera til trollet) sat og kasta store steinblokker etter Gårakirka då kristendommen kom til bygda.
Kva by er dette?
Svar: Bø i Telemark

Oppgåver:
-
I kva fylke ligg Bø Sommarland?
-
Søk på internett. Kor mange meter over havet er Gygrestolen i Bø?
-
Finn ut om det er parkar, museum eller andre spennande stader for barn i fylket ditt.
-
Plukk ut ein av stadane og finn bilete derfrå.
-
Tenk deg at du har vore ein dag på denne staden. Skriv og fortel om det du likte best.