Spire 3 • Fylker i Norge • Trøndelag
Kva for stad er dette?


Foto: Alizada Studios / Shutterstock.com
Ein julidag i år 1030 kom Olav Haraldsson og mennene hans ridande på hestar til denne staden. Dei ville gjere Noreg til eit kristent land. Bondehæren kom mot dei, og med høge rop byrja ein kamp på liv og død. Olav vart omringa av fiendane og drepe med eit hogg i halsen, eit i låret og eit spydstikk i magen. I dag står det ein statue av Olav den heilage og hesten hans på denne staden.

Foto: Renata Sedmakova / Shutterstock.com
Etter at Olav Haraldsson døydde i slaget, fekk han namnet Olav den heilage. Det var fordi han døydde for å kristne Noreg.

I dag står det ei kyrkje på den staden der Olav den heilage døydde. Inni kyrkja kan du sjå «Olavssteinen». Det blir sagt at det er steinen som Olav lente seg mot i då han døydde.
Kvar sommar er eit utandørs skodespel om slaget som stod i 1030:
Kva for stad er dette?
Svar: Stiklestad

Oppgåver:
-
I kva fylke ligg Stiklestad?
-
Finn eit bilete av statuen av Olav den Hellige.
-
Kvifor er det laga ein statue av Olav den Hellige, trur du?
-
Finn bilete av ein statue i ditt eige fylke?
-
Kven er statuen av?
-
Lag ein statue av plastilin, leire eller i Minecraft.
-
Lag en statue av plastilin, leire eller i Minecraft.