Spire 3 • Fylker i Norge • Troms og Finnmark
Kva stad er dette?


Denne staden er det nordlegaste punktet i Noreg. Det er 2316 kilometer å køyre frå det sørlegaste punktet i Noreg.

Her er det eit stort fjellplatå med ei nydeleg utsikt rett ut i havgapet. Mange menneske frå heile verda reiser hit for å sjå den vakre utsikta rett ut i havgapet.

Globusen du ser her, vart sett opp i 1978. Besøkjer du Nordkapp midt på natta om sommaren, kan du oppleve midnattssola.
Opplev midtnattsola på Noregs nordlegaste punkt!
Kva stad er dette?
Svar: Nordkapp

Oppgåver:
-
I kva fylke ligg Nordkapp?
-
Finn eit kart over Noreg. Set ein ring rundt Nordkapp.
-
Finn staden som er lengst sør i Noreg. Set ring rundt staden.
-
Kva heiter staden som ligg lengst nord i fylket ditt?
-
Kva heiter staden som ligg lengst sør i fylket ditt?