Spire 3 • Fylker i Norge • Rogaland

Kva by er dette?

Denne byen ligg i Rogaland fylke.


Dette er den tredje største byen i Norge


Her ser du Noregs tredje største by. Byen blir kalla Noregs oljehovudstad. Mange som bur her, arbeider med olje og gass. Nokon jobbar på ei av oljeplattformene i havet utanfor byen, medan andre har jobbar i byen som har med olje og gass å gjere.

 

 

Oljemuseet

Foto: lulu and isabelle / Shutterstock.com

Er du på besøk i denne byen, kan du besøkje Norsk Oljemuseum. Det er olja som har gjort Noreg til eit rikt land. 

 

 


 

Gamlebyen

Foto: Travel Faery / Shutterstock.com

Det er koseleg å vandre gatelangs i Gamlebyen. Her finn du 173 gamle, fargerike trehus som vart bygd for over 200 sidan.



 

Kva by er dette?

Svar: Stavanger

Velkommen til Stavanger!



Oppgåver:


  1. I kva fylke ligg Stavanger?

  2. Finn bilete av ei oljeplattform.

  3. Kva typar jobbar er mest vanleg i Stavanger?

  4. Finn ut kva som er dei vanlegaste arbeidsplassane i fylket ditt.

  5. Teikn deg sjølv i draumeyrket ditt.