Spire 3 • Fylker i Norge • Oslo

Kva by er dette?

Denne byen ligg i Oslo fylke.


Karl Johans gate

Foto: Dmytro Stoliarenko / Shutterstock.com

Det kryr av menneske på Karl Johans gate! Denne gata er hovudgata i Noregs største by. Byen er òg hovudstaden i Noreg. Det bur 750 000 menneske her. Mange har budd i byen heile livet, medan nokon flyttar hit for å jobbe, gå på skule eller fordi dei liker bylivet.

 

 

Det kongelige slott

 

I enden av den lange hovudgata ligg Det kongelege slottet.


 

Kongefamilien

Foto: JaHu83 / Shutterstock.com

Her bur Noregs konge og dronning. Kvar 17. mai går barnetoget forbi slottet og vinkar til kongefamilien.

 


 

Kva by er dette?

Svar: Oslo

Velkommen til Oslo!



Oppgåver:


  1. I kva fylke ligg Oslo?

  2. Finn ulike bilete av Oslo.

  3. Kva byar ligg i heimfylket ditt?

  4. I kva by bur det flest mennesker i fylket ditt?

  5. Finn bilete frå ein av byane. Skriv om noko du synast er fint i byen.