Spire 3 • Fylker i Norge • Nordland

Kva for stad er dette?

Denne staden ligg i Nordland fylke.


Magisk utsikt

Foto: Trygve Finkelsen / Shutterstock.com

Tenk deg at du har klatra heilt opp til topps! Det er uendeleg bratt, men når du kjem på toppen, ser du det: For ei magisk utsikt!

 

 

 

Klatrere

Foto: Trygve Finkelsen / Shutterstock.com

Det var verd den tøffe turen! Du nyt synet av alle øyene ute i havet. Og langt der nede ser du den vesle byen og den koselege hytta ved sjøen som de bur i.

 


 

Nordlys


På kvelden sit de ute føre den vesle hytta.
Det grøne nordlyset dansar over nattehimmelen.

 

 

 

 


Bli med på klatretur, då vel!

 

 

Kva for stad er dette?

Svar: 


Fjelltoppen heiter Svolværgeita. Den vesle byen heiter Svolvær og ligg i øygruppa som vi kallar for Lofoten.

Velkommen til Lofoten!



Oppgåver:


  1. I kva fylke ligg øygruppa Lofoten?

  2. Finn Lofoten på eit kart. Sjå på bilete herfrå.

  3. Bruk søkjeordet «Nordlys» på YouTube. Sjå korleis nordlyset dansar på himmelen.

  4. Finn bilete av natur eller stader i fylket ditt som turistar gjerne vil besøkje.

  5. Vel ut éin av stadene og lag ein reklame for staden.

     

    .