Spire 3 • Fylker i Norge • Møre og Romsdal

Kva by er dette?

Denne byen ligg i Møre og Romsdal.


Ane Brun

Foto: Morc / Shutterstock.com

Kvar sommar er det jazzfestival i denne byen.
Musikarar frå inn- og utland har kjem til byen for å spele konsertar. Ane Brun, byen sin eiga jazzdronning, er òg med på festivalen.
 

 

 

Jazzgutten

Foto: Wirestock Creators / Shutterstock.com

På torget i denne byen står skulpturen «Jazzguten». Ser du kva instrument han speler?
 

 


 

Rosepiken

Foto: Travel Faery / Shutterstock.com

Byen kallast for «Rosebyen». Roser trivst godt på grunn av klimaet, og mange har roser i hagane sine. Dei står i full blom heile sommaren og gjer byen fargerik saman med jazzmusikken som strøymer ut i gatene.

 


 


Jazzfestivalen blir alltid opna med ein parade gjennom bygatene. Bli med du òg!

 

 

Kva by er dette?

Svar: Molde

Velkommen til Molde!



Oppgåver:


  1. I kva fylke ligg Molde?

  2. Søk på Ane Brun på YouTube eller Spotify. Lytt til ein song av henne.

  3. Finn namn og bilete av ein kjend musikar frå fylket ditt.

  4. Søk på YouTube og lytt til musikk av musikaren.

  5. Skriv kvifor du liker eller ikkje liker musikken.