Spire 3 • Fylker i Norge • Innlandet
Kva for by er dette?


Denne byen ligg ved Noregs største innsjø. På ein fin sommerdag kan du ta ein tur på innsjøen med Skibladner, Noregs eldste hjuldampar.

Foto: Nadia Kompan / Shutterstock.com
Domkirkeodden ligg i denne byen. Det er eit museum med mange gamle ruinar og gjenstandar frå mellomalderen.

Foto: Rudmer Zwerver / Shutterstock.com
«Det er ny verdsrekord!» Jubelen ville ingen ende ta då skøyteløparen Johan Olav Koss gjekk først over målstreken i Vikingskipet som ligg i denne byen. Han sette verdsrekord på 10 000 meter skøyter under OL i 1994. Bygget heiter Vikingskipet fordi det ser ut som eit skip som er snudd opp ned.
Her kan du sjå litt av skøyteløpet den gong verdsrekorden vart sett i 1994:
Kva for by er dette?
Svar: Hamar

Oppgåver:
-
I kva fylke ligg Vikingskipet på Hamar?
-
Finn eit eller fleire bilete av spesielle bygg i fylket ditt.
-
Plukk ut eitt av bileta og skriv kva som er spesielt med bygget og kva det blir brukt til.
-
Lag draumebygget ditt i Minecraft.