Spire 3 • Fylker i Norge • Agder
Kva by er dette?


Mange reiser på ferie hit om sommaren. Det er den femte største byen i Noreg.

Dyreparken ligg i denne byen. I dyreparken kan du sjå dyr frå heile verda. Nokon av dyra kjem frå jungelen i Afrika, medan andre er vanlege dyr som lever i Noreg.
I dyreparken kan du òg møte sjimpansen Julius. Då Julius var liten, budde han heime hos ein heilt vanleg familie! Då vart han kjend i heile Noreg og det vart laga TV-program om han.

Foto: Trygve Finkelsen / Shutterstock.com
I Dyreparken kan du òg møte skumle sjørøvarar og besøkje fredelege Kardemomme by.
Bli kjent med sjimpansen Julius!
Kva by er dette?
Svar: Kristiansand

Oppgåver:
-
I kva fylke ligg Kristiansand?
-
I kva by ligg Dyreparken?
-
Finn eit bilete av Julius då han var liten.
-
Finn eit bilete av eit dyr frå Noreg som er spesielt for fylket ditt.
-
Skriv fem setningar om dyret.
-
Lag dyret i plastilin. Ta eit bilete av dyret du laga.